Velkommen til Hemsedal kommune.
Hemsedal kommune er ein kommune med vekst i folketalet og ei spennande utvikling i reiselivsnæringa parallellt med eit livskraftig landbruk.
Administrasjone er samla i Kommunehuset som ligg i sentrum. I Tenestetorget blir du møtt av våre servicemedarbeiderar som gjerne hjelper deg med:
- informasjon om kommunale tenester
- søknadsskjema
- rettleiing
- enklare sakshandsaming
- nabolister
- kart og eigedomsinformasjon
- tilgang til å lese saklister og protokollar for dei politiske utvala
Vi hjelper deg med alle kommunale tenester, eller viser deg rette kontakten vidare.
I Kommunehuset finn du også NAV og Skatteetaten
Kommuneposten er ei informasjonsavis for Hemsedal kommune, der kommunen, lag og organisasjonar informerer om kva som skjer i bygda.
I Kommuneposten får du oversikt over kva som rører seg i bygda Hemsedal.
Her kan du lese kommuneposten.
I Hemsedal er det eit aktivt lags- og kulturliv som gjev eit breitt spekter av tilbod til innbyggjarane og bygda sine gjester.
Her får du ei oversikt over kva lag og organisasjonar som fins i Hemsedal.