Saftig gras og næringsrike urter. Klart vatn frå friske kjedler. Dyr på fjellbeite lever det gode liv og blir til reint og godt kjøt. Hemsedalsfjellet der ørreten vakar. Fisking i seine sommarkveldar.
Tamt og Vilt brukar gamle oppskrifter og tradisjonsrike foredlingsmåtar. Difor er maten rik på næring og har den naturlige smaken.
Me likar å ferdast i naturen, heile familien. Sommar og tidleg haust går med til fisking i fjellet. I slutten av august tek jaktsesongen til. Først rein, seinare hjort og elg. Det er mykje fisk og vilt i skogen og på fjellet i Hemsedal.
Det finnst og mykje som gror i den grøderike jorda. Bær, sopp, urter og ulike ville vekstar, vert sanka inn. Me saftar, syltar, turkar og frys ned heile vinterforsyninga i løpet av nokre hektiske veker.
Dette er det gode liv for familien vår….
- Elg og hjort:
Elg- og hjortekjøtet kjem frå nærområdet. Sesongen er september/oktober. Elles i året kan me levere frosent kjøt.
- Rein:
Reinskjøtet kjem frå tamreinlag i Hemsedal og Valdres. Sesongen er desember. Elles i året kan me levere frosent kjøt.
- Storfe:
1/2 og 1/1 slakt kan skaffes av ulike feraser. Variabel sesong.
- Sau/lam:
1/2 og 1/1 slakt direkte frå fjellbeite i Hemsedal. Sesongen er september/oktober
- Laks og sjøørret:
Me bruker oppdrettslaks og sjøørret frå Vestlandet. Sesong heile året.
- Fjellørret:
Me fiskar fjellørreten i Hemsedalsfjellet sjølve. Fisket foregår frå august til oktober. Fisken har variabel storleik.
Alle slakt kan leverast oppdelt og pakka.
Ta gjerne kontakt for å høre kva me har på lager. Me tek og opp bestilling på kjøt og fisk.
Det gamle sjølvbergingssamfunnet utvikla gode konserveringsmåtar for fisk og kjøt. Me har tatt i bruk denne kunnskapen i foredlinga av råvarene.
Spikjikjøtet blir salta og kaldrøykt. Deretter blir det modna over lang tid. Einer gjev ein ekstra god røyksmak. Røyken legg ei bevarande hinne rundt kjøt og fisk.
Graving mørnar kjøt og fisk på ein god måte. Me tilsett ulike urter og får fram smakfulle,utsøkte produkt.
Varmrøyking gjer at kjøt og fisk smeltar på tunga. Ulike krydder og urter får fram sereigne smakar på produkta.
Rakafisken blir lagt i butten i september/oktober og er ferdig 8-10 veker seinare. I god tid før jul.
- Alle produkt blir produserte i vår bedrift i Hemsedal. Brød bakar me sjølve. Flatbrødet er lokalprodusert.
- Me leverer varer til reiselivsbedrifter i Hemsedal og Hallingdal. Her representerer desse produkta ein del av den lokalproduserte maten.
- Produkta selges i dagligvarebutikker i Hemsedal og Hallingdal.
Me selger og alle produkta våre direkte frå bedrifta vår på Svøo.
Her er to forslag til buffet frå Tamt og Vilt:
Catering med spikjikjøt og spikjipølser, bl.a.:
Spikjipølser av elg, hjort og rein. Grava elgkjøt.
Spikjikjøt av elg, hjort, rein, storfe og hest
Potetsalat m/rumme
Eggerøre
Grøn, frisk salat m/vinaigrette
Fersk rumme, naturell og m/tytebær
Urtebrød, tytebærbrød, flatbrød og smør.
(3 dagers bestillingstid)
Catering med varmrøykte og grava produkt, bl.a:
Varmrøykt fjellørret, laks og sjøørret.
Kaldrøykt laks. Grava laks.
Varmrøykt kjøt av elg, hjort og rein.
Potetsalat m/rumme
Potetsalat m/vinaigrette
Waldorfsalat
Eggerøre
Tomatsalat m/fetaost
Fersk rumme m/tytebær og urter
Urtebrød, tytebærbrød, flatbrød og smør.
Me kan og levere:
Viltgryte med frisk, grøn salat, tytebærbrød og smør. (3 dagers bestillingstid)
Deler av catering kan leveres etter kundens sitt ønske.
Me kan og levere ferdigsteikt steik/roastbiff.
All maten er heimelaga og me nyttar mange lokale råvarer.