Fausko får pris

04.11.2014

Fausko Skysstastasjon vant Mat og Kulturprisen fra Norsk Bonde og Småbrukerlag.

Her under følger en intervju fra Hallingdølen av Line Sandvik:

"Skysstasjonen i Hemsedal, med vertskapet Knut Fausko og Astri Sudmann, har fått ein høgthengjande pris. I fjor etablerte Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Yara den nye prisen Norsk Mat- og Kulturpris. Den blir i år delt ut under landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i Stjørdal 1. november. Prisen er på 100.000 kroner.

Sterkt engasjement

Det er Norsk Bonde- og Småbrukarlag som har foreslått Fausko Skysstasjon som prisvinnar i år. Dei legg vekt på at Knut Fausko sidan slutten av 80-talet har hatt eit sterkt engasjement for mat og kultur. Garden vart lagt om til økologisk drift, samstundes som den gamle skysstasjonen vart sett i stand for kulturarrangement, overnatting og servering. Maten på Fausko er basert på lokale råvarer. Mellom anna fisk frå fjellvatna. 

Knut Fausko har vore ein pådrivar for lokalprodusert mat og delteke på Grüne Woche. Han har i mange år vore ein aktiv felespelar og formidlar av forteljekunst. På Fausko er det bygd ei årestue etter gamal skikk. Her står mat, forteljekunst og musikk som ei ramme kring open varme. På garden er det òg bygd eit stort amfi der Fauskivalen har vore arrangert dei siste fem åra, i tillegg har det vore ei rekkje andre arrangement. Også låven på garden er no nytta til matoppleving, kultur- og konsertlokale. «Knut Fausko har med sitt lune vesen og velfunderte tankar kring matproduksjon og kulturformidling ein eigen evne til å engasjere sine tilhøyrarar», skreiv Buskerud Bonde- og Småbrukarlag då dei foreslo Fausko skysstasjon som mottakarar av årets pris.

Auke kunnskap

Målet med prisen er å setje fokus på og auke kunnskap om det nære forholdet mellom lokalmat og kultur i befolkninga. Prisen skal fremme den breie kulturen knytt til matproduksjon, foredling, matlaging og måltidsoppleving. 

Den skal òg stimulere til samarbeid mellom ulike aktørar med interesse for lokalmat og kultur. Eit anna mål er å auke kvalitet på lokalmat, fremme prisvinnarane og bidra til nyskaping på feltet mat og kultur.

Overraska

Vertskapet sjølv fekk vite om prisutdelinga for berre ei dryg veke sidan. 

– Me trudde me var bedt om å underhalde og kopla ikkje med ein gong at det var me som hadde fått prisen, fortel Knut Fausko som er på veg mot Trøndelag og Stjørdal i lag med kona Astri. Dei skal opp og ta imot Norsk Mat- og Kulturpris som blir utdelt for andre gong.

– Eg hadde aldri høyrd om prisen eg. Dette var heilt overveldande, fortel han. 

– Kva skal de nytte pengane til?

– Det fyrste eg tenkte, var å få oppover eit skikkeleg rockeband. Men dette er ein mat- og kulturpris, så me har frå før tenkt litt på å byggje ein skikkeleg bakaromn i låven. Astri har vore sentral i utviklinga av låven, og æra for at låven tek form vil eg dele med henne, seier prisvinnaren. Teikningar og godkjenning for å byggje bakaromn er alt på plass.

– Då får skysstasjonen enno ein spesialitet, seier stasjonshaldar Fausko.Fausko"

Tekst: Line Sandvik / Hallingdølen.no

Flere nyheter

Vi bruker cookies for å gi deg en best mulig kundeopplevelse. Hvis du fortsetter, betyr det at du godtar bruk av informasjonskapsler.
Les mer her.